Ole Bjørn Hjellegjerde: Tider skal komme
Fortell om boken din!
Eg vaks opp med eit kjent møbeletternamn frå Nordvestlandet. Den store fabrikken i fjøresteinane i grenda Fauskebygda i Sykkylven har alltid vore der, og inntil nyleg har den også bore det same etternamnet. Sett vekk ifrå det faktum at farfaren min var ein av dei tre gründerane, så har eg gjennom barndom og ungdomstid visst lite om historien bak merkenamnet Hjellegjerde. Farfar fortalde meg sjeldan noko om fabrikken. Det gjorde heller ikkje faren min, som jobba der i over 30 år, i alle fall ikkje før selskapet blei børsnotert i 1997. Då eg to år seinare gjekk på engelsk mellomfag ved Universitetet i Bergen kom ideen om å skrive ein historisk roman om dei tre brørne som starta møbelfabrikk på 1940-talet. Eg hadde riktig nok knapt med tid, då farfar fylde 80 det same året. Trekløverets eldste bror, Otto, gjekk bort i 1998, så eg hadde farfar og broren, Mindor, som primærkjelder. Deretter gjekk det to år med ei rekkje intervju og ei omfattande kjeldeinnsamling, før eg som 25-åring trudde at eg var ferdig med romanen. Det var eg dessverre ikkje; den mangla både innhald, flyt og struktur. Eg la den difor ifrå meg, medan eg fullførte studia mine. Så skjedde det noko som endra alt, og eg sverja overfor meg sjølv at eg aldri kom til å røre det manuset igjen – heilt til den dagen min farfar låg for døden i 2016. For å sitere min redaktør: Tider skal komme er ein roman om røter, arv og lengslar – og om korleis historia lever vidare i oss.
Hvordan ble boken din til?
Frå den omtalte dagen i 2016 skulle det gå ytterlegare 10 år før denne romanen var å finne i ein bokhandel. Eg hadde ein ny bokmålsversjon klar i 2022, men etter at den blei refusert av Gyldendal, la eg den nok ein gong ifrå meg. Omtrent samstundes opplevde eg ei sjølvforskyldt personleg krise som snudde opp ned på livet mitt, og som litt tilfeldig leia meg til å studere idehistorie. Den store reisa, frå antikken, via Dante, Petrarca, renessansen, og barokken, til romantikken og moderniteten, gav meg ny energi til å både lese og skrive. Eg fekk sansen for Kjartan Fløgstad og bestemte meg då for å gje det eit nytt forsøk med den historiske romanen – denne gongen på nynorsk. Eg sende den inn til fleire forlag denne gongen, og fekk eit svar frå Calidris sin redaktør som fekk meg til å felle tårer. Dermed vart beslutninga teken: Romanen skulle ut i verda.
Var det en ferdig idè eller vokste det frem gjennom skriveprosessen?
Romanen vaks fram gjennom eit hav av glede, anger, sjølvforakt og frustrasjon.
Hva fikk deg til å ville skrive en bok? Hva inspirerte deg?
Eg oppdaga stadig fleire attkjennelege element i det som blei skjebnen og delvis ettermælet til min farfar. Dermed blei alt så veldig levande for meg. Om historien skulle ut i verda så måtte det bli no – 26 år etter at eg starta på prosjektet.
Skriver du på noe nytt nå?
Ja, eg skriv på det som moglegvis kan bli ein slags oppfølgjar. Eg er halvvegs, men har fullstendig skrivesperre om dagen. Så vi får sjå kva det kan bli til.
Har du tips eller råd til andre som har lyst til å skrive en bok?
Gå laus på det som du verkeleg brenn for. Og hugs kva Knausgård sa: Du må alltid risikere noko for å skrive ei god bok.
Hvorfor synes du at boken din bør leses?
Fordi den handler om ekte menneskjer; om levde liv og skjebner som satte sine avtrykk i skuggen av kvardagslivet på Sunnmøre på 1900-talet. Romanens kronologiske handling er dessutan veldig variert: Favorittkapittelet til boka sin korrekturlesar følgjer den eine broren gjennom krigshandlingane i april og mai 1940.
Hvem ønsker du aller helst skal lese din bok?
Folk frå fjordbygdene på Sunnmøre som aldri før har lest ei bok, perm til perm. DET er mitt store mål. Romanen er på over 440 sider, men inneheld likevel over 100 små og store historiske bilete som kan fungere som eit supplerande sanningsvitne til denne fascinerande historia.
Hva gjør du når du ikke skriver?
Eg skriv stort sett mellom kl. 06:00-08:30 om morgonen. Eg bur i Bergen og prøver å få meg kulturelle ting i kvardagen, anten på Litteraturhuset, Kode eller DNS. På dagtid jobber eg i eit møbelvarehus i bydel Åsane.
Anbefalt for deg