Ole-Ragnar Riise – Trådar av Marie

Forfattaren er fødd i 1967 og vaks opp på Rise i Bondalen, ved Hjørundfjorden i Ørsta kommune. Han arbeider i dag i Volda kommune, i tillegg til å drive heimgarden. Dessutan er han redaktør for årsskriftet til Hjørundfjord sogelag, «Frå Hjørundfjord», der han med åra også har skrive ei rekkje lokalhistoriske artiklar. I 2022 gav han ut diktboka «Ord i ein fjord», og «Trådar av Marie» er debutromanen hans, med handling henta frå heimtraktene. Den lokale kunstnaren Marita Bett Aakre sine bilete pryda diktboka, og ho er i tillegg barnebarn av hovudpersonen i romanen.

– Denne romanen kom omtrent rekande på ei fjøl, då ei veninne av meg uttrykte eit ynskje om at det vart skrive ein roman av historia til bestemor hennar, Marie, som eg kjende litt til frå før. Utan å seie noko, byrja eg å eksperimentere rundt korleis eg kunne gå inn i historia. Ein skulderskade gjorde at eg på dette tidspunktet ikkje kunne arbeide med anna. Då eg hadde kome godt i gong, sende eg teksten til henne og undrast på om dette var noko å byggje vidare på. Responsen var så god at det var ingen grunn til å legge frå meg skrivinga.
Nokså umiddelbart skreiv eg så avslutninga, og dermed var arbeidet i gong med å fylle ut alt som skulle inn i rameverket. Det vart eit stort puslespel for å få dei ulike hendingane inn på rett plass, og i rett rekkefylgje der det let seg gjere. Langsmed freista eg å flette inn kva som rørte seg fyrst og fremst i nærmiljøet, men også vidare utover. Og sidan handlinga går føre seg på ein gard, måtte også utviklinga i landbruket spele ei viktig rolle.
Som bonde sjølv, oppvaksen på gard og med ei lang interesse for lokalhistorie og eit årsstudium i historie/lokalhistorie i ryggsekken, freista eg å bruke all min kunnskap på å få skildra det heile så autentisk som råd. Ein heil del innhenting av tilleggsinformasjon måtte også til, og likevel må eg berre innsjå at det er mykje eg ikkje veit om livet på ein gard før mi tid. I tillegg måtte eg samle saman så mykje som mogleg av informasjon frå kyrkjebøker, folketeljingar, bygdebøker, avisartiklar, brev og liknande.
Når det gjeld personane vi finn i romanen, så har familien vore hjelpsame med å hente fram informasjon. Mange sentrale hendingar og sitat lever enno i minnet hos dei, og etter kvart som ting i denne utrulege historia kom for ein dag, såg eg alt klart føre meg korleis det laut skrivast. Eg vart rett og slett dregen inn, ja, eg kan nesten seie at romanen skreiv seg sjølv! Der er samantreff som nesten er for gode til å vere sanne og trådar og sentrale tema som dukkar opp fleire gongar i historia, som ein forfattar nok kan drøyme om.
Samstundes som det ytre fall på plass, skjelettet, måtte eg sjølvsagt forsøke å blåse liv i desse personane; gje dei kjøt og blod, latter og tårer. Her var det at eg måtte dikte og byggje personlegdomar, utifrå ledetrådane eg hadde. Eit sitat, ei handling eller eit val kan fortelje mykje om kva som rører seg i eit menneske; det gjeld berre å finne dei og freiste å forstå kva som kan ligge bak. Eg vonar livet eg har lagt bak meg har vore til god hjelp med å fylle inn det som «manglar».
Kulissene til historien står intakte på garden til Marie den dag i dag, og eit mål for meg har vore å fylle dei gamle husa med litt av det livet som har vore levd der gjennom tidene. Denne historia har rørt meg djupt, og eg er svært takksam for å ha fått lov til å verte kjend med Marie og dei andre i romanen. Eg vonar eg har fått fram eit godt tidsbilete frå ei tid som har vore, og at menneska til alle tider inst inne er dei same uansett kva dei står i. Det er også ein hyllest til alle dei som historiebøkene ikkje skriv om, men som har slitt seg ut for at vi er der vi er i dag. Ikkje minst kvinnene, som ofte var dei som held trådane samla; mellom folk, mellom generasjonar, mellom fortid og framtid, i arbeid, slit, liv og død. Dei er alle «trådar av Marie».

Anbefalt for deg