Kristin Vee – Liv
Fortell om boken din!
LIV er ein psykologisk roman. Forteljinga har eg hatt inni meg lenge. Den har langsomt teke form i meg gjennom arbeid med menneske, mennskemøter og eige liv. Det er fyrst dei to siste åra den har kome ned på papiret og gjennom ein krevjande prosess, blitt til romanen LIV. LIV handlar mest om livet, så enkelt og så vanskeleg. Me kjempar alle våre kampar, for å finne ro og stabilitet. Vegen dit kan vere ekstra krevjande for nokre. Det er heller ikkje alle menneske som kjem dit og difor må greie seg med små augneblink der ein er innom denne kjensla. I forteljinga møter du Anne og Liv, som lever to heilt ulike liv. Dei søkjer likevel etter det same. Gjennom tema som familie, relasjonar, trauma, oppdraging, selvoppdaging og behovet for tilgiving og fred fylgjer ein desse to sterke kvinnene. Dei to kvinnene møter på ulikt vis Solfrid, som blir samlande for forteljinga.
Hvordan ble boken din til?
Historia har trengt seg på over tid, og eg hugsar godt korleis det gjekk den dagen eg skreiv dei fyrste linjene, om Anne og Liv, som framleis står slik dei gjorde då. Eg jobba på eit bibliotek og var på skrivekurs med elevar. Det var Olaug Nilsen som
hadde kurset. Med sitt engasjement og nokre legoklossar, fekk ho elevane og meg, i gang med ei skriveoppgåve. Det vart starten på LIV. Etter det var det berre å finne seg gode skriveperiodar, og skrive. Med gode innspel frå nabo og nær veninne, frå Skovballe – heimen min i Danmark, og kyndig veiledning frå Mia Bull Gundersen, utvikla forteljinga seg. To år etterpå satte eg
punktum.
Var det en ferdig idè eller vokste det frem gjennom skriveprosessen?
Eg hadde ingen ferdig idè. Det har eg aldri når eg skriv. Det kjem ned på papiret og det går ganske så fort. Om eg hadde noko særleg eg ville formidle i bakhovudet, så må det vere at eg ynskte å få fram kor viktig det er at me bryr oss om kvarandre. At alle menneske kan vere i ein livssituasjon der ein treng at nokon ser ein ekstra. Solfrid er eit symbol på alle desse gode menneska eg har vore så heldig å møte på min veg. Eg ynskjer og å vere «Solfrid» for nokon, og det veit eg at eg er.
Hva fikk deg til å ville skrive en bok? Hva inspirerte deg?
Eg trur alle som skriv har noko dei vil bearbeide, men kanskje enda viktigare dele, slik at andre kanskje kan kjenne seg igjen og finne trøyst, håp eller kunnskap til å endre. Dersom ein vil endre noko då.
Skriver du på noe nytt nå?
Eg lever av å skrive og det er eg takksam for, fordi eg elskar å skrive. Slik sett skriv eg kvar dag, spalter og artiklar i avisa eg jobbar i. Eg skriv og personlege tekstar og har heile livet skrive dagbok. Eg kan og røpe at det berre gjekk nokre få dagar etter at eg var ferdig med LIV, og så byrja eg å skrive ei ny forteljing. Den handlar i hovudsak om ein av personane lesarane møter i LIV. Draumen min er at lesarane blir så glad i personane i LIV at dei må lese neste bok. Eg har nok stoff til 7-8 romanar, så det er berre å hengje med.
Har du tips eller råd til andre som har lyst til å skrive en bok?
Det aller viktigaste rådet eg kan gje er at du trur på at den historia du vil dele kan bety noko for eit anna menneske. Dette er i alle fall drivkraft nok for meg. Det er og sjølvsagt ein fordel om ein elskar det ein driv med. Då flyt alt mykje lettare. Det siste rådet er at det kan vere lurt å få veiledning i prosessen frå ein person med erfaring. At Mia Bull Gundersen trudde på meg frå byrjinga, at ho framheva språket mitt og sa eg hadde ei historie som ho trudde på, gav meg nok sjølvtillit til å halde fram.
Hvorfor synes du at boken din bør leses?
Den gjev håp. Og ikkje minst tru på det gode. Sjølv om ein opplever vonde ting, så kan livet bli godt likevel. Då må menneska vere der for kvarandre.
Hva gjør du når du ikke skriver?
Tilrettelegg kvardagen så godt eg kan for mi yngste dotter som bur heime. Held kontakt med mine tre eldste born, anna familie og nære vener. Dette er det viktigaste i livet for meg. Elles går eg tur med hunden min, løper, strikkar og les. Eg koblar og av med ein god serie, ofte dansk, eller film. Kultur i alle former er viktig for meg.