Gro Steen-Olsen – Valmueengene

Fortell om boken din!
”Valmueengene” er ein historisk roman som flettar saman fleire tidsepokar, stader og menneskeskjebnar frå tidleg 1900-tal fram til etterkrigstida.
Vi møter Marie og Martin på bryllaupsreise i Paris under verdsutstillinga ved hundreårsskiftet. Den optimistiske stemninga i byen står i sterk kontrast til forholda i Alsace, der dei sjølve kjem ifrå. Regionen er annektert av Det tyske keisarriket, og eit prøyssisk militærdiktatur styrer heimbyen Colmar med hard hand.
Då vi møter Marie igjen i 1917, under den første verdskrigen, har Martin flykta til Frankrike for å unngå å bli kalla inn til militærteneste for den tyske hæren. Marie sit åleine att med tre barn. Utpå nyåret møter ho tilfeldigvis igjen ungdomskjærasten, Georg, som nyleg er blitt utkommandert som tysk reserveoffiser.
Vi blir kjent med korleis Marie og dei som står henne nær opplever krigens øydeleggingar, både fysisk og kjenslemessig. Etter freden den 11. november 1918 kjem Martin tilbake til familien, men gjensynet blir ikkje berre lett.
Romanen er delt opp i seks delar som vekselvis har tysk/franske Marie og norske Evelyn, av venner kalla Evy, som hovudkarakter. Grunntonen i Evy-delane, som omhandlar åra 1968-1970, er lettare enn i Marie-delane. Evy er ein aktiv gymnasiast, som skrir slalåm og går i fjella om sommaren, men det ligg ein skygge over familien på grunn av farens tidlege død og fordi fleire menn i familien omkom som krigsseglarar under den andre verdskrigen.
Sommaren 1968 har Evy ein kort sommarflørt med den franske studenten, Thierry, som kjem direkte frå studentopprøret i Paris. Året etter drar ho på bilferie saman med broren og fetteren til Pasvik og den stengde grensa mot Sovjetunionen. På ein haiketur sørover i Europa i 1970 møter ho Marie si datterdatter, som også heiter Marie.
Krig, kjærleik, tap og forsoning pregar livet til desse karakterane, som kryssar både fysiske og emosjonelle grenser, men som ber på eit felles ønske om fridom og fred.

Hvordan ble boken din til?
Marie si historie kom til meg for lenge sidan. Ikkje minst kjende eg på den smerta ho og andre som levde nær Vestfronten, der millionar av menn vart meia ned under den første verdskrigen, må ha opplevd. I franske og tyske antikvariat kom eg over Elisabeth Esther Levy sine dagbøker ”Tagebuch einer Colmarerin während des Weltkrieges 1914-1918”. Her fann eg aktuelt lokalt bakgrunnsstoff for romanen. I seks dagbøker, som utgjer ei imponerande samling på nær 1750 sider, samla Levy utklipp frå aviser og anna stoff som skildrar dagleglivet i byen. Sjølv arbeidde ho som sjukepleierske og opplevde lidinga krigen førte med seg på nært hald. Ho er skriven inn i romanen som Marie si venninne, Elise. Levy var jøde og flykta til Sveits og vidare til Frankrike på slutten av 1930-talet, og det redda livet hennar.

Var det en ferdig idè eller vokste det frem gjennom skriveprosessen?
Etter kvart fekk eg eit ønske om å setja forteljinga om Marie saman med ei kvinne som var fødd sytti år etter henne. Ei slik samanstilling synleggjer dei store endringane som skjedde for europeiske kvinner i løpet av 1900-talet. I tillegg har dei to kvinnene mange felles karaktertrekk og interesser, også kjærleiken til naturen.
Evy lever eit mykje friare liv enn Marie kunne gjera, men som etterkrigsbarn funderer ho over farens liv under den andre verdskrigen. Dermed går det an å trekka dei lange linjene frå første til andre verdskrig fram mot kald krig og dagens geopolitiske situasjon med auka spenning mellom Russland og Vesten.

Hva fikk deg til å ville skrive en bok? Hva inspirerte deg?
Som lita jente sat eg med store auge og lytta når mormor fortalte om barndommen sin i Hardanger, og på gymnaset gjekk eg på norrønlinja, så historieinteressa har fulgt meg gjennom livet.
Under den kalde krigen arbeidde eg som lærar ved ein skule som låg berre eit steinkast frå elva som markerte grensa mot Sovjetunionen. Dette vekte interessa mi for grenselandspolitikk, og kanskje fordi eg er fødd på fredsdagen for den første verdskrigen og hadde sett meg litt inn i denne, la eg merke til at det gjekk eit liknande ideologisk skilje ved Pasvikvassdraget mellom Norge og Russland som det den gongen gjekk ved elva Rhinen. På vestsida av elva såg folket seg som barn av den franske revolusjonen og ønskte å bu i eit demokrati, mens den prøyssiske militarismen på austsida av Rhinen utvikla seg til nazismens terrorregime.

Skriver du på noe nytt nå?
Eg har lenge skrive på ei bok som har arbeidstittelen ”Arven fra Det gamle Europa”. Den omhandlar dei høgt utvikla kulturane i Europa i yngre steinalder, ikkje minst Donausivilisasjonen. Tusenvis av feminine figuriner som har kome for dagen under arkeologiske utgravingar, viser at dette var gudinnedyrkande kulturar. Kanskje kan til og med demokratiet vera ein arv frå desse. Boka er i utgangspunktet sakprosa, men eg vurderer å legga inn nokre skjønnlitterære kapittel for å tilføra tørre fakta meir liv.

Har du tips eller råd til andre som har lyst til å skrive en bok?
Dei færraste er fødde forfattarar. Å søka kunnskap om skrivehandverket, er mitt råd.

Hvorfor synes du at boken din bør leses?
Sjølv om ”Valmueengene” er ein historisk roman, er dei temaa som blir tatt opp aktuelle også i dag. Krig og fred, fortid og notid, ytre og indre konfliktar blir vevd saman med karakterane sine refleksjonar og eksistensielle betraktningar, som igjen peikar mot noko meir universelt. Boka viser korleis geopolitikk påverkar menneska sine liv, og den gir eit unikt innblikk i prøyssarideologien.

Hvem ønsker du aller helst skal lese din bok?
Eg håpar og trur at ulike grupper kan ha interesse og glede av å lesa denne boka, som omhandlar mellommenneskelege relasjonar og etiske dilemma, men som også skildrar naturglede, ungdommeleg optimisme og utferdstrang. Forteljinga søker djupare enn mange andre romanar og gir dessutan kunnskap om europeisk historie.

 

Anbefalt for deg