fbpx

Glenn Wiik – Elva under breen

Fortell om boken din!
Boka handlar om korleis opplevingar i barne-og ungdomstid kan få konsekvensar for heile livet. Mobbing og trakassering kan setja djupe spor og påverka kva du kan og ikkje kan gjera i yrkeslivet, i sosiale samanhengar og sist men ikkje minst…kjærleikslivet.

Hvordan ble boken din til?
Mobbing og trakassering i skule og arbeidsliv vert stadig meir omfattande og er eit alvorleg samfunnsproblem. Boka er eit resultat av frustrasjon og samstundes behov for å setja fokus på saka.

Var det en ferdig idè eller vokste det frem gjennom skriveprosessen?
Ideen til boka har eg hatt nokre år, men eg grubla mykje på korleis eg skulle formidla bodskapen. Då eg fann Anders, byrja det å skje noko.

Hva fikk deg til å ville skrive en bok? Hva inspirerte deg?
Det hjelper lite å gå å knurra for seg sjølv. Eg tenkte at ei bok ville gje meg moglegheiten til å nå fleire og kanskje få meir merksemd og ikkje minst få løfta diskusjonen i samfunnet på denne store og veldig viktige utfordringa – korleis skal vi møta og motarbeida mobbing og alle former for vald i skulen.

Skriver du på noe nytt nå?
Nei. Nett no er hovudet blåst.

Har du tips eller råd til andre som har lyst til å skrive en bok?
Om du har noko på hjartet som verkeleg betyr noko for deg..skriv ned tankane dine, gjerne i ei dagbok. Ver tolmodig og ver førebudd på motgang, men ikkje gje opp. Det liknar eigentleg mykje på laksefiske. Held du ut kan det verta napp.

Hvorfor synes du at boken din bør leses?
Siste elevundersøking synte at 49000 barn og unge melder frå om mobbing i skulen. Det er jo eit absurd tal og kan ikkje berre møtast med eit skuldertrekk. No må saka opp på dagsorden både sentralt og lokalt. Dette omfanget av vald i alle former hadde aldri vorte godteke om det var snakk om andre grupper i samfunnet.

Hvem ønsker du aller helst skal lese din bok?
Boka skriv eg for alle som er opptekne av barn og unge sine oppvekstvilkår, det vere seg elevar, foreldre, lærarar, skuleleiarar og politikarar. Gode krefter på tvers av desse gruppene må samla seg rundt eit gjennomtenkt og kraftfullt motsvar til denne destruktive utviklinga som har gått frå vondt til verre i mange år.

Hva gjør du når du ikke skriver?
Fiske er ein kjær hobby og eg sit gjerne nokre timar over bindestikka og håper på at nett denne floga skal frista laksen neste gong sjansen byd seg. Elles liker eg å laga mat til gode vener, nyta late dagar i hagen og ein frisk diskusjon er heller ikkje å forakta.

Anbefalt for deg