Fred Arne Andersen Dine Augo
Fortell om boken din!
Sjanger: Lyrikk, poesi.
På jobb, på ferie, i hus og hage, i foreldrerolla og foreiningar, er det spenningar som held meg vaken på nettene. I jaget etter å leva opp til forventningar og sterke samfunnsideal, er det tomheit. Kreftene forsvinn. Individualisme og sjølvrealisering, som er verdsette byggesteinar i vestlege samfunn, blir til veggar som murer meg inne. Kvar er min ven? Kvar er eg? Kan Vår Far i Himmelen sjå, forstå, nå meg, løfta opp? Eg treng rom, løfta vengene som ørna, flyga, kjenna fridom, glede, sjå verda i større perspektiv, i mylderet av lyd, larm og menneskemassar, finna vegen til eit bankande hjarta, dine augo, finna vegen til deg.
Hvordan ble boken din til?
Ei kvardagsleg hending i fortid eller notid kan gjeva inntrykk. Eg byrjar å reflektera og oppdagar ei underliggande verd, som eg fyrst set nokre ord på. Dagar seinare vender eg tilbake til dei same ord, og den same verda opnar seg igjen. Eg prøver å sjå den i mine tankar, forklara den betre med nye ord og finn at poesien som etter kvart utviklar seg tek meg vidare inn. Eg anar djupner, kjenner spenning. Dikta er blitt til av slike ”tankedykk” i løpet av siste 3-4 år.
Var det en ferdig idè eller vokste det frem gjennom skriveprosessen?
Eg har ikkje hatt ein ferdig idé. Dikta er meir resultat av oppdagingar og undring over situasjonar i livet. Sjølve skriveprosessen, det å iaktta og skildra, har nok mest bidratt til utforminga av dikta. Ein viss disiplin synest naudsynt. Det å bestemma seg for å gå tilbake til tanken rundt ei hending, dvela og bli der, produserer nye ord og vers.
Hva fikk deg til å ville skrive en bok? Hva inspirerte deg?
Menneske frå heimland og andre kulturar, som eg har møtt som ung og vaksen, deira føredøme, tru, omsorg og visjonar har inspirert og satt spor i livet. Eg såg ikkje, var ikkje alltid klar over kven eg stod ansikt til ansikt med. Når livgjevande ord kjem frå lidande menneske som styrkjer andre, gjev det inntrykk som ikkje let seg sletta. Det skapar refleksjonar over eigen bakgrunn og kultur. Kanskje står eg i skuld til alle menneske som eg betre skulle ha forstått og elska, min Erna (kone), mine barn og til kvar og ein i verda hvis andlet og augo eg såg, men ikkje forstod når eg burde.
Skriver du på noe nytt nå?
Eg skriv ikkje på noko no, men eg vil fortsetta med å setta ord på tankar som dukkar opp der noko eller nokon får meg til å stoppa opp. Eg tenkjer at det må bli å skildra noko smått, noko som ved første augnekast ikkje ser viktig ut, men som ein sidan skjønar har stor verdi. Då kan ei ny bok bli til på sikt.
Har du tips eller råd til andre som har lyst til å skrive en bok?
Som skribent bør ein ha eit ynskje om å formidla og ha ein tanke om at historia kan utgjera ein forskjell for ei målgruppe. Tenk deg inn i ulike situasjonar i historia, til dømes ei avgjeranda hending, ein dialog. Start med nokre ord og du er i gang. Det du skildrar utvidar seg og du svinn sjølv inn i hendinga og vil væra der, observera, iaktta, bruka tid, bruka sansane. Etterkvart blir tankar om ramma, den ”raude tråd” og løysing tydlegare. Idèar om utviklinga i historia, høgdpunkt og avslutning kan ein få etterkvart som ein skriv. Kanskje det viktigaste er å starta. Alle menneske har si unike historie.
Hvorfor synes du at boken din bør leses?
Boka ynskjer eg skal kunne kjennast som ei gåve, ein presang, til eit enkeltmenneske. Om den, når den vært opna, kan skapa glede, eit smil, varme eller setja tankar i sving, vil det gleda meg.
Hvem ønsker du aller helst skal lese din bok?
Eg trur boka kan seiast å vera til til dei som i eit travelt samfunn stussar, kjenner seg fanga i eigen bakgrunn, i rutinar, føringar og forventningar.
Hva gjør du når du ikke skriver?
Eg set pris på kveldar utan noko form for planar, laga god mat, kunna få sitta saman med nokre i familien eller ein ven, utveksla historier og tankar over ein stor kopp te. Sykling på landeveg har fasinert meg sidan eg var barn. No og då å kunna ta ein lengre tur kjennest framleis som eit eventyr.
ISBN 978-82-8467-007-2
Anbefalt for deg