Anne Bjørke – Strikkekraft
Fortell om boken din!
Boka Strikkekraft – inspirert av tradisjonar er ei uvanleg strikkebok! Det er eit samarbeid med 10 designarar med røter i ulike kulturar og strikketradisjonar, som alle har latt seg inspirere av maskinstrikka, norsk design frå Norlender Knitwear på vestlandskysten. Maskinstrikka plagg er ofte inspirert av handstrikk. Kva skjer når vi går motsett veg? Resultatet ser du i 21 nye design, frå det nyskapande og uventa til det meir klassiske. Du finn både enkle og utfordrande oppskrifter, i teknikkar som fleirfargestrikk, patent, fletter, roosimine, intarsia og blondestrikk. Designa er strikka i garn frå Hillesvåg Ullvarefabrikk eller Rauma Garn.
Boka vert innleia med den nesten 100-årige historia til Norlender og eit blikk på korleis trikostasjeindustrien og handstrikk har levd hand i hand gjennom opp- og nedturar. Det er fokus på norsk ull og berekraft, og vi er innom tema som ulløkonomi, bekymring for tilgangen til norsk kvit ull, GOTS-sertifisering, superwash-behandling og korleis ta vare på strikka ullplagg for at dei skal vare lengst mogleg.
Hvordan ble boken din til?
Prosjektet starta med å skaffe finansiering til å kunne samle designarane på Osterøy, slik at dei kunne bli kjende med kvarandre og i lag la seg inspirere til prosessen vidare. Designarane valde eit eller fleire maskinstrikka plagg dei ville hente inspirasjon frå, og skulle på bakgrunn av det lage to design for handstrikk til boka. Det vart magiske dagar i lag med mykje kreativitet og latter, båttur til Hillesvåg Ullvarefabrikk, ullseminar og strikkefestival. Det gjekk frå å vere mi bok til å bli vår bok!
Var det en ferdig idè eller vokste det frem gjennom skriveprosessen?
Hytta vår ligg like ved Norlender Knitwear, og eg såg stadig vakre design. Gradvis kom tanken om å bruke mønsterelement til handstrikk. Etter kvart utvikla det seg til eit ønskje om å invitere med proffe strikkedesignarar frå ulike kulturar og strikketradisjonar. Tekstbolken i boka var viktig for meg å ha med. Eg ville fortelje den spennande historia til ei lita trikotasjebedrift, samt setje fokus på norsk ull og berekraft.
Hva fikk deg til å ville skrive en bok? Hva inspirerte deg?
Inspirasjonen kom frå dei maskinstrikka plagga til Norlender og eit ønskje om å utforske kvar vegen går om ulike designarar får sjansen til å ta utgangspunkt i den same idébanken.
Skriver du på noe nytt nå?
Ikkje enn så lenge, men det er eit ønskje å prøve å få gitt ut boka på engelsk. I så tilfelle vert det nok ein del endringar/tilpassingar.
Har du tips eller råd til andre som har lyst til å skrive en bok?
Tru på prosjektet ditt og legg ei realistisk tidsline. Skaff deg gode allierte, som heier på deg og kan gi deg tilbakemelding undervegs.
Hvorfor synes du at boken din bør leses?
Boka inneheld interessant informasjon om tema som mange ikkje veit så mykje om, samt 21 nye design, frå det nyskapande og uventa til det meir klassiske.
Hva gjør du når du ikke skriver?
Då strikkar eg, er på hytta eller går fjelltur – ofte i kombinasjon 😊